Bobby Kennedy For President: Verda vi aldri fekk

I dag er det 50 år siden Robert F. Kennedy ble skutt og drept. Gjesteskribent Kjetil Aarseth har sett Netflix-dokumentaren om Bobbys liv, og han anbefaler varmt.

Kva om? Kontrafaktisk historiefortelling er noko som fascinerer meg. Kva om Churchill og russarane og amerikanerane ikkje hadde gidda eller klart det i 1945? Kva om ho som skulle bli mor mi ikkje likte han som skulle bli faren min tilbake? Kva om eg hadde drukna den gongen eg som åtteåring gjekk gjennom isen? Kva om det tauet ikkje gjekk akkurat forbi meg der eg sto på botnen, med det kalde og mørke over meg?

Kva om? Slike tankar har eg ofte. I det siste har eg tenkt mykje på Bobby Kennedy. Presidenten vi aldri fekk. Den firetimers dokumentaren Bobby Kennedy For President ligg no på Netflix. Den har eg sett to gongar den siste veka. For ein fyr. For eit tap for USA og verda. 5. juni er det 50 år sidan han vart skoten. 6. juni er det 50 år sidan han døydde etter stor innsats frå tilfeldige der han vart skoten, så kirurgar på sjukehuset.

Det er så fælt å tenke på at han ikkje fekk fortsette. Litt fordi han var eit menneske som alle andre og tapte muligheiter er trist uansett kven det gjeld. Litt meir fordi han hadde ein skokk med ungar, ei kone, slekt, vennar og andre som sto att. Men frykteleg mykje meir fordi verda kunne sett mykje annleis ut om han hadde fått blitt president. Berre nokre minutt før han vart skoten, så viste opptellinga ei god klaring mot den andre demokratiske kandidaten. Han ville nok tatt innersvingen på den ukarismatiske skurken Nixon også. Men slik vart det ikkje. Nixon slo menn som var mindre karismatiske og eldre enn seg sjølv og verdshistoria deretter er kjent. Tapte muligheiter for alle.

Dokutips: Roger Stone – en ond Forrest Gump i amerikansk politikk

Bobby Kennedy For President fortel ei historie om ein fyr som kom frå veldig gode kår, men sakte men sikkert åpna hjartet for all urett som var godt synleg for alle. Og skjult urett. Han gadd å leite. Han gadd å prøve sjølv om han kunne levd på pengane frå faren og kjendiseriet som fulgte Kennedy-familia. Dokumentaren er ei dannelsesreise gjennom to tiår, med glimt endå lenger tilbake. Ein hardhaus som startar med å være mest opptatt av eigen posisjon, men som etterkvart omset energien sin til å gjere godt for andre. Vilje til å lytte. Vilje til å sjå. Med eigne auge. Og gjennom augene til andre. Ei ekstrem retorisk kraft. Å halde på eit publikum. Knappenål. Augeblikksintelligens. Analytiske evner. Vilja til å tenke langsiktig. Usjølvisk. Ei gigantisk oppgåve. Krig i Vietnam, men også heime med rasistar mot svarte. Whites only-skilt på restaurantane og segregering i skulane. Militærvesen mot nektarane. Industrileiarar mot arbeidarar. Eit bodskap: Forsoning. Eit bodskap som ga gjenklang i folket, men ikkje hos alle. Han måtte bort.

Dokutips: Anthony Weiner og politisk pølsemakeri

Kva om? For 50 år sidan vart han altså drepen. Før det viste han altså takter som kunne gjort USA og verda bedre. Menneskerettar, kvinnesak, avspenning og nedrustning, arbeidarrettar, miljø, antimaterialisme. Kva om? Ein slik fyr får meir enn nok av fiendar. Det ville han fått no også, men særlig då. Han var ikkje åleine om å gjere det ultimate offeret. Ein drept bror i Dallas 5 år før. Så Malcolm X tre år før, og Martin Luther King to veker før.  På fotografiet av den døyande som følgjer denne teksta, blir han holdt under nakken av ein tenåring som jobba i oppvasken på hotellet. Ein han hadde handhelst på nokre sekund før. Bobby vil seie noko, men begge forstår at det er over. Tenåringen legg øyret til munnen på presidentkandidaten som rekk nokre siste ord før han mister bevisstheita, før han døyr. «Er alle uskadd?».

Så sit eg her etter å ha brukt ein del timar på å lære om ein presidentkandidat for 50 år sidan. Eg kjenner meg oppriktig trist. Eg sørger sjeldan over det som ikkje har skjedd, men når eg tenker på den verdensleiaren vi aldri fekk, så gjer eg det.

Dokumentaren Bobby Kennedy For President er tilgjengelig på Netflix.